«Eg trivst godt med å jobbe i Brønnøysundregistera! Det er mange flinke folk her, vanvettig dyktige, vil eg sei, som alle verkar stolte av jobben sin. Dessutan er dei villige til å dele av denne kunnskapen. Det kjem jo alle til gode. Eg jobbar først og fremst som backend-utviklar, men bidrar også innanfor løysingsdesign, arkitektur og prosessleiing. Den variasjonen liker eg – det gjer at ingen dagar er like. »
Kari Røssland, systemutviklar


Les meir om goda du får som tilsett hos Brønnøysundregistera

Vi har ein heilt spesiell natur for deg som liker å vere ute, og vêret for deg som liker å vere inne. I Brønnøysund finn du aktive idrettslag for alle aldrar, fotballbaner, inne-hallar, frisbeegolfbaner, kajakk og fiskemoglegheiter, alt samla rett utanfor døra di.
